Søk i denne bloggen

torsdag 5. desember 2019

OMG av Ingelin Røssland

Om du berre skal lese ei nynorsk bok der handlinga er sett på Tysnes i slutten av desember, då må du lese denne!

Det byrjar fredag 13. desember med eit smell. Smellet av døra som Maria presser opp hjå Hanna som har jentekveld. Ho baner vegen inn for Domenic og gjengen, ingen av dei er invitert, men inn skal dei! Maria har skifta ham den hausten, ho er no ei som dansar på bordet til det knekk, drikk sprit rett frå flaska og dreg Domenic inn på soverom! Det går over styr, ho blir køyrd heim i politibil og dagen etter må ei gråtkvelt mor sende Maria til mormora på Tysnes. Barnevernet er kontakta, det er alvor no. 

På Tysnes saknar Maria morfar som gjekk vekk året før, ho kjenner ikkje mormora, berre at ho er sterkt religiøs. Det tek ikkje lang tid før Maria er sendt på bedehuset. Der treff ho Johannes, og ho kjenner ho vil ha han. Fyrst for å få han “over på den mørke og syndige sida”, men seinare er det kanskje noko meir enn berre lyst?

Tenkepausen på Tysnes får fram mykje i, og rundt, Maria. Kven er ho blitt? Kven vil ho vere? Og kven vil ho vere med? Den lyse og gilde Johannes eller den farlige og mørke Domenic. Det vert dramatisk dagar i desember!

Boka er gitt ut av Samlaget saman med Leser søker bok. Ho er på 116 sider med korte setningar og mykje plass. Ho kan og lesas som ebok på AllbokDen er med i  leseaksjonen txt 2020: Drømmer: https://txt.no/bokene-i-txt-2020/ 

Dette er ei av dei mange korte, kloke og gode nynorskbøker som kjem ut til ungdom. Andre  titlar er:  
-          Bebe av Bente Bratlund: http://ungdomsboka.blogspot.no/2012/06/bebe-av-bente-bratlund.html
-          Saiko av Linn T. Sunne: http://ungdomsboka.blogspot.no/2011/09/saiko-av-linn-t.html
-          Engel i Snøen av Anders Totland: http://ungdomsboka.blogspot.com/2016/05/engel-i-snen-av-andreas-totland.html
-          Smadra av Brynjulf Jung Tjønn: http://ungdomsboka.blogspot.com/2019/05/smadra-av-brynjulf-jung-tjnn.html
-          Så vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn;: http://ungdomsboka.blogspot.com/2014/08/sa-vakker-du-er-av-brynjulf-jung-tjnn.html

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

1 kommentar: