Søk i denne bloggen

torsdag 8. august 2024

Nidhoggr av Bjørn Sortland, med foto av Bjørn Sortland

Om du spør ungdom kva dei vil lese svarar dei korte, spanande, korte bøker med bilete! Sortland har fått med seg dette, og skrive ei sånn bok:

Maria arbeider som fotograf. Ho er ikkje ein god plass i livet, ho har nett mista kjærasten sin og noko i fortida hennar plagar ho. Ut av det blå får ho eit oppdrag frå ein som kallar seg Finn Baal, han jobbar på UiB, og vil ho skal filma han i samband med eit undervisningsopplegg ute på ei aude øy. Alt er ikkje slik det ser ut. Kan dette gå godt?

Nidhoggr er skrevet med korte og få setningar, det er fotografi på mest kvar side og ho er konstant intens spanande. Kva er det å ikkje like her?

Ei bok om du liker thrillare, spaning og vonde overraskingar.



Dette er ei av dei mange korte, kloke og gode nynorskbøker som kjem ut til ungdom. Andre titlar er:  

Dersom dette var ein person ville det vært nokon som snakka lite, men sa mykje.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar