Søk i denne bloggen

mandag 19. januar 2026

Rafarta av Per Jan Ingebrigtsen

Ei rett fram historie frå tidlig vikingtid

Rafarta er røva frå Dublin og no ventar ein ublid skjebne henne i Hiortha, som irane kallar Noreg. Men Rafarta er ikkje skjebnetru og trosser alt og alle for å kome seg heim. Frå fyrste side der ho kjem opp på svaberget etter å ha symt frå vikingskipet til slutten på det opne hav er det heile tida ei vill jakt på veg heim. Ho er innom mykje denne ungjenta, så det vert aldri keisamt. For oss frå Rogaland er det gjevt at store deler av handlinga foregår på Karmøy.

Vikingtida var ei hard tid, men det var høvelege folk då og. Boka held litt igjen, ho er ikkje umenneskeleg, men folket i boka er heller ikkje oss frå 2026 i serk og bukse.

Det er skrevet i notid, i presens, dette. Det kler ei heseblesande historie. Boka er som norrøn tekst skal vere, korthogd og handlingsdrevet. Historia tek slutt etter 95 sider, så kjem ein kort faktadel med bilete som greier litt ut om personar, tid og ulike roller i det norrøne samfunnet. Her er og ordforklaringar på ymse ein kan lura på i boka, frå svaberg til grimrune. Delen er nok meir ein smakebit enn eit full måltid, men vert du nyfiken er det mange gode fagbøker frå vikingtida i biblioteket.

Det er mange ulike typar historier som vert fortalt frå norrøn tid, på mange ulike måtar. Denne er ganske tradisjonell, her er eit knippe andre vikinghistorier:

Her er ungdommen si eiga meining på "Denboka": https://www.denboka.no/boker/rafarta
Dei er ikkje nådige. Det mest positive er at handlinga er på Karmøy, men få liker korkje nynorsk eller vikingar. 

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar