Søk i denne bloggen

mandag 19. oktober 2009

Det skjøre i oss

Jeg elsker deg av Hilde Hagerup.


Jeg elsker deg handlar om tenåringsjenta Ellen. Mora til Ellen har blitt sjuk, ho har kreft. Men Ellen bagatelliserer: "Jeg husker ikke hva som feiler henne. Lus eller blindtarm eller kreft i lillefingeren" (s 6). Ho er irritert over at mora ikkje orkar noko, at ho bare sit i stolen, at ho ikkje klypper bort hårtufsene under parykken. Ellen er sint, men eigentleg redd.


Tittelen viser til Ellen sin strategi for å finna nye bein å stå på. Inst inne skjønar ho at mora skal døy, men klarer ikkje tenkja tanken ut. For kven skal elske henne etterpå? Derfor leitar ho, aktivt, prøver å finna erstatning, peikar nøye ut fleire kandidatar som ho i tur og orden - med påfølgande avslag - deklarerer sin kjærleik til: "jeg elsker deg!" Klisjéen som rommer det viktigaste i verda: at du er til for nokon. For denne innsikta har Ellen: " Du kan dø hvis du blir glemt. Hvis ingen elsker deg og ingen kommer og spør etter deg, kan du dø. Skulle jeg tro. Ja, sånn er det." (s 61)


Redninga kjem frå uventa hald.


Hilde Hagerup har på ny klart å skildra det såre i unge menneske og råskapen som livet ofte bringer, heilt utan førevarsel. Teksten er nærast poetisk, korte setningar og dialogar med mykje undertekst. Boka er på bare 69 sider, inndelt i fem kapittel tilsvarande dei fem vekedagane mandag til fredag.


Ei lita perle, vond og fin på same tid. Passar for alle aldrar.


Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar