Søk i denne bloggen

fredag 27. november 2009

Båtflyktningar, turistar og Kanariøyane

Barsakh av Simon Stranger
Cappelen Damm, 2009


Dette er forteljinga om 15 år gamle Emilie sitt møte med ei verd ho bare så vidt har skumlese om i avisene. Men på ferietur til Kanariøyane saman med familien sin, møter ho ein røyndom fundamentalt ulik sin eigen.

Boka byrjar eigentleg med slutten. Den rolege atmosfæren langs strandpromenaden vert broten av at ei lyshåra jente kjem spurtande hand i hand med ein litt eldre afrikansk gut og med politiet i hælane. Det er Emilie og Samuel. Dei som vert mest sjokkerte over det dei ser, er foreldra hennar. Men historia byrjar lenge før dette.

Me møter Emilie, som slit med sjølvbiletet sitt etter ein kommentar frå ein medelev på skulen om at ho nok hadde ete for mange skuleboller. Då starta Emilie eit knallhardt treningsprogram for å gå ned i vekt, samstundes som ho vert ekstra nøye med kva ho puttar i munnen.

Emilie si historie vekslar med Samuel si. Samuel er rundt 18 år og frå Ghana. Livsvilkåra for dei unge i dette landet er harde og framtida har lite å by på. Men gjennom TV veit dei unge om at der finst ei anna verd med andre muligheiter. Mange risikerer ferda over havet - med livet som innsats.

Det er desse motstridande kulturane som møtest når båten til Samuel kjem drivande mot stranda i ferieparadiset. Den som oppdagar båtflyktningane er Emilie, som - til si eiga forskrekking - set i verk ein redningsmanøver.

Boka er hyperaktuell! Fakta viser at i 2006 kom det meir enn 28.000 afrikanske båtflyktningar til Kanariøyane, mens det til samanlikning var 35.000 nordmenn som feira jul der i fjor (2008). Eit drøymeland altså, for både fattige og rike.

Emilie si sjølvpålagte matvegring vert stilt opp mot Samuel sin hunger etter eit verdig liv. Konstrasten mellom vestleg velstand og afrikansk naud slår mot lesaren og etterlet ei uro me ikkje kan kvitta oss med.

Likevel gir boka ei god lesaroppleving. Kritikk på at forfattaren har forenkla eit alvorlege tema (spisevegring) er ikkje denne meldaren einig i. Emilie er ikkje "sjuk" i den forstand - ennå! Blikket på seg sjølv vert endra frå guten i skulegarden sin kommentar til Samuel sine augo på henne. Dette gjer henne medviten om seg sjølv i ein ny samanheng og "sjølvpininga" slepp taket. Med andre ord, Emilie har fått ny og konstruktiv sjølvinnsikt. Horisonten er utvida frå trongsynet i skulegarden heime til utsynet mot dei afrikanske livsvilkåra som Samuel representerer.

Barsakh er forresten eit ord for ein "mellomtilstand" etter døden i muslimsk tradisjon. Det er også namnet på båten Samuel og dei andre flyktar med. Mange av dei som går om bord i Afrika klarer ikkje overfarten. Dei får ei våt grav i Atlantarhavet.

Aud Søyland Kristensen,
Time bibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar