Ivo de Figueiredo: Støv
Aschehoug, 2009
"Hva gjør elles en dikter når han ikke dikter og ikke har noen å elske? Han sitter på hybelen og sturer eller går på rangel." (s.21). Det siste gjorde Wergeland til gangs, ofte med fatalt utfall.
Henrik Wergeland utfordra samtida både med livsførselen sin og diktinga si. Støv er også ei bok som utfordrar. Forfattaren spør om Wergeland som diktar er aktuell i dag? Illustratøren viser vakre og groteske fotografi og designaren presenterer ein layout ganske utanom det vanlege.
Prakt, smerte og overrasking. Heilt i Wergeland si ånd med andre ord!
Boka er delt inn i tre deler:
Mennesket, første delen, handlar om det rølpete livet Wergeland førte. Han var flink til å skaffa seg fiendar. Denne vesle biografien fokuserer på korleis han stadig klarer rota ting til for seg sjølv.
Skapelsen, del to, presenterer eit lite utval av dikta hans. Her er ekstatisk lykke ("Den første Omfavnelse"), sorg over tapt liv ("Pigen paa Anatomikammeret"), inderleg undring ("Fra: Min lille Kanin") og heftig opprør ("Mig selv").
Tredje delen, Messias, er eit alfabetisk oppslagsverk over enkelte ord som er markert med raudt tidligare i boka. Desse orda, med forklaring, dannar ei ramme rundt den tida og den verda Wergeland levde i. Her får me ei lita innføring i både sosiale tilhøve og historiske hendingar.
Støv er ei svært spesiell bok. Fotografia som deler inn dei tre kapitla, er trykt på glansa papir. Nokre av bileta er svært provoserande, men estetisk vakre. Sjølve teksten er trykt på simpelt papir og framstår som små pocketbøker innimellom dei glansa arka. Og framsida er pryda med ei Davidstjerne rissa med kniv inn i hud - som visstnok er illustratørens hand! Det heile omkransa med gullspottar som kan minna om stjerner.
Igjen finn me referanser til det smertefulle og det vakre, omkransa av stjernehimmelen som alltid var den Wergeland higa mot.
Personleg tykkjer eg boka fungerer. Ho provoserer og appellerer på same tid. Men vil ho appellera til ungdomar? Det hadde vore gildt å fått tilbakemelding på akkurat det. Og på forfattaren sitt spørsmål.
Skriv gjerne ein kommentar til boka på bloggen her.
Aud Søyland Kristensen,
Time bibliotek
Eg tykjer dette høyrest ut som ei interessant bok som eg gjerne vil ta ein nærare titt på. Det kontroversielle ved framstillinga kan appellere fleire, både ungdom og vaksne, til å lese om denne sentral diktaren.
SvarSlett