Søk i denne bloggen

mandag 20. juni 2011

Fisken av Erlend Loe


9. trinn på ungdomsskolen har hatt litteraturprosjekt og jeg har vært så heldig å få tilsendt utvalgte bokmeldinger. Så her kommer boktips for ungdom av ungdom.



Denne boka handlar om truck-føraren Kurt som er ein familiefar. Han er godt likt av alle inkludert sjefen sin, så han har det gøy på jobb. Og han finn ein fisk på kaia ein dag, etter han har jobba. Den tek han med seg heim og familien finn ut at dei skal på reise med denne fisken sidan den er så stor. Så derfor slutter Kurt og kona i jobbane sine, og reiser ut til sjøs med fisken og dei tre barna sine. Sidan fisken er så stor, seglar dei på den, så dei slett og betale fly og sånt. Samtidig som dei reiser rundt et dei litt av fisken til kvart måltid, så dei slepp å kjøpe mat. Først ville dei til Amerika, så då satt sei seg på fisken mot Amerika. Dei fekk det ikkje heilt til, så dei enda opp i Antarktis. Der var det veldig kaldt så dei forta seg vekk der i frå! Då satt dei kursen mot Amerika på ny. Denne gongen klarte dei det. Og dei kom fram til New York. Der var dei i nokon dagar, heilt til dei blei litt lei av New York. Då fant dei ut at dei skulle ta turen til Afrika. Der var det nesten for varmt. Dei blei ikkje der heller så lenge før dei blei lei. Så etter dei hadde vert i Afrika, reiste dei til Brasil. I Brasil syns dei det var ganske grei temperatur og vær. Der møtte dei ein mann. Han var veldig snill med Kurt sin familie så derfor inviterte dei han på middag til fisk. Dei sa han kunne ta med seg nokon vennar også viss han ville. Når kvelden kom og dei skulle få middags besøk. Kom brasilianaren, og han hadde med kjempe mange vennar! Det var sikkert 100 stykk av dei! Familien tenkte at dei hadde jo mykje fisk så då kunne vel alle få eit lite stykke. Å brasilianarane var nokon koselige folk heilt til dei gjorde noko drastisk. Faren til ein gut kom og sa til tynne-Helena, at ho måtte gifte seg med guten hans. Det ville ikkje Helena, så jo gjekk bort til Kurt og sa det. Det likte ikkje Kurt heller! Han blei sint på mannen og sa at det kom ikkje te å skje. Då sa brasilianaren at han var villig til å betale mykje for jenta. Då blei berre Kurt enda surare, og sa at det kom ikkje til å skje! Då blei alle brasilianarane sinte, og sprang etter Kurt og dei andre i familien. Då byrja Kurt å dei å springe mot fisken å tok den med seg ut på sjøen og segla heim igjen. Når dei kom heim gjekk alt som normalt igjen. Kurt og Anne-Lise byrja på jobb igjen, og alt var som vanlig.

Eg syns boka var ei heilt grei bok, den hadde litt sans av humor, og var ikkje så veldig vanskelig å lese heller.

Isabel

fredag 17. juni 2011

Jada, jada, jada av Bjørn Ingvaldsen

Elias sin bestemor er ikke som andre bestemødre. Hun er nemlig splitter pine gal! Elias nekter å være med foreldrene på cruise. Derfor må han være i to uker hos den sprø bestemora på sommerferie istedenfor.

Han tar bussen helt til bussjåføren sier a han må gå av. Elias står og venter på bestemora som til slutt kommer. Han må sitte bakpå tilhengeren som henger fast til mopeden hennes. De raser av gårde mot huset hennes. Han får et bittelite kott som soverom. Hver dag spiser de frossenpizza til middag. Bestemora hater naboen hennes og det er ingen grenser for hva de kan finne på når de plager hverandre. Bestemor lager f. eks en kake som eksploderer, stjeler and fra andedammen, fisker i oppdrettsanlegget hans, og mye, mye mer.

Det er fire bøker i serien om Elias og den sprø bestemora. Jeg liker alle bøkene kjempe godt og har lest alle bøkene 5 ganger hver. Jeg kan anbefale dem på det sterkeste. De passer for alle i alle aldre.

Fredrik M. Lura – 12 år.

”Puddingmannen og de tre søstrene som alle het noe på B: en fortelling om kjemisett og ulykkelig kjærlighet” av Jan Chr. Næss

9. trinn på ungdomsskolen har hatt litteraturprosjekt og jeg har vært så heldig å få tilsendt utvalgte bokmeldinger. Så her kommer boktips for ungdom av ungdom.
 
Eg har lese ”Puddingmannen” i eit skulearbeid og eg synes at det er ei veldig bra bok. Boka begynn i den vesle bygda Blåsbort der Kalle Kongo driv ein bensinstasjon saman med mor hans. Når bensinstasjonen blir rana av tre søte damer velg Kalle og hans alter ego ”Puddingmannen” å ta opp jakta på ranarane.

Eg synes at dette er ei veldig god bok som mange burde lese. Dette er og ein oppfølgar av boka ”Puddingmannen”, som eg og vil anbefale alle å lese. Eg meiner at bøkene passar godt for alle som likar humoristiske bøker, og viss eg må seie noko aldersbesemt vil eg seie at boka passar for gutar og jenter mellom åtte og tolv år.

Erling

onsdag 15. juni 2011

Game over av Hæge Follegg Pedersen


 9. trinn på ungdomsskolen har hatt litteraturprosjekt og jeg har vært så heldig å få tilsendt utvalgte bokmeldinger. Så her kommer boktips for ungdom av ungdom.


Boka handlar om Are og Gard , 2 gutar i ungdomsalderen med kvar sine problem. Dei blir vener på ungdomsskulen og lagar ei hytte i skogen kvar dei overnatter av og til . Ein av dagane dei overnatter der har Gard planlagt noko forferdeleg. På grunn av dette så må dei reise på rømmen , med lite penger og ikkje minst ingen billapp eller noko ting. Dei blir ettersøkte etter kvart og må være forsiktige. 

Eg synast at boka var spennande og verdt og lese , ikkje så mange sider så ein slapp og bli lei av dei forferdeligt kjedelige begynnelsene ( som eg slit med og kome meg i gjennom på ei bok). Eg ville anbefalt denne boka for alle mellom 10 og 20 år , selvfølgelig gjer det ikkje noko om du er yngre/eldre enn dette.

Terningskast: Eg vil gje denne boka ein solid 5'ar. 

Atle

tirsdag 14. juni 2011

Kurtby av Erlend Loe

9. trinn på ungdomsskolen har hatt litteraturprosjekt og jeg har vært så heldig å få tilsendt utvalgte bokmeldinger. Så her kommer boktips for ungdom av ungdom.
 
Boka har ei handling som ikkje gir så veldig mykje meining. Kurt og familien skal til Finland for å besøke Mummidalen. Dei havnar i ei svensk elv og renn heilt ned til ein by som blir kalla Kurtby. Her blir Kurt pastor, sjølv om han eigentleg ikkje ynkjar seg denne jobben. Kurt mistar totalt hovudet og blir heilt annleis. Familien er redd for han, og bestem seg for at dei må flukte. Dei kjem seg unna denne byen til slutt, før dei får tatt turen heim att, og kjem tilbake til det vanlege livet som truckførar.



Dette er ei veldig spanande bok, der det skjer mykje morosamt. Det er ei lettlest bok, meg passar nok best for born under 12 år. Det er brukt enkelt språk med korte setningar som gjer det greit å lese. Den aller viktigaste faktoren er nok humor. Boka er slik at sjølv eldre folk ler av ho!

Boka har lite bodskap og motiv, men er underhaldane! Det er ein fin blanding av humor og spenning som gjer at det er kjekt for born å lese denne boka.

Gregor
 

fredag 10. juni 2011

Fabula - Aero av Astrid Luisa Niebuhr

9. trinn på ungdomsskolen har hatt litteraturprosjekt og jeg har vært så heldig å få tilsendt utvalgte bokmeldinger. Så her kommer boktips for ungadom av ungdom. Første bok ut er endatil skrevet av ungdom og gitt ut på Panthera publishing:
Boka handlar om ei 18 år gamal jente som vart blind i ei ulykke der broren døyde for mange år sidan. Ein dag ser ho nokon grøne ryttarar, ja ho SER dei. Dei neste dagane har ho fleire like episodar der ho kan sjå, men i alle tilfella har dei grøne ryttarane vore i nærheita. Ho blir dratt inn i ei verd der ho er ein nøkkelperson i ein stor krig. Ho får spesielle krefter og vennar. Kommer ho nokon gong tilbake til vår verden? Kommer ho til å sjå foreldra og systera nokon gong igjen?

Boken Aero er den første boken i ein serie som skal bli fire bøker. Den har utrolige skildringar som gjør at du lever deg inn i historia frå første side. Historia er utroleg godt gjennomført. Det er mange små ”hint” i historia som gjør at i alle fall eg finn på teoriar på kven dei forskjellige personane eigentleg er. Fleire gonger har eg måtta gå tilbake nokon kapitlet fordi eg ville sjå om ein teori kunne stemme, og det gjør at eg blir meir gira på å lese meir, og sett fleire ting inn i teoriane. Den er absolutt ei av mine favorittbøker. 

Tea