Søk i denne bloggen

mandag 13. mars 2017

Z for Sorry av Marit O. Kaldhol

Susan vakner opp på sjukehus.
Susan flytter til byen for å byrje på skule.
 
Det er no og det var då og etterkvart som dei to historiene nærmar kvarandre vert spenninga om kva som eigentleg skjedde med Susan denne hausten. Ho som endeleg skulle stå på eigne bein og bu på hybel. Draumen hennar som vert sann, å gå danselinja på vidaregåande. Alt såg så lyst ut, kvifor ligg ho nå på sjukehus?
 
Det handlar om å stå utanfor og prøve å sjå inn, men berre sjå seg sjølve. Det handlar om å prøve å stå på egne spinkle bein, feile og tenke spørsmålet om det er verdt å prøve å reise seg igjen. Det handlar om det ønskje ein alle har om å verta sett.
 
“Eg ville at noko skulle få lys på seg, noko som fanst langt der inne i auga hans. Noko som fanst ein stad langt inne i meg. Noko ingen kunne forklara med ord. Eit ope landskap, ein møtestad for vindar
 
Hadde Susan berre hatt nokon å snakka med. Men ho har ingen lengre, foreldrene har aldri hatt tid til henne, ho har sjølv brent brua til heimbygda og han ho ville ha svarer ikkje. Så ho tenkjer ho klarer seg sjølv, treng ikkje hjelp av nokon. Men å vere heilt åleine kan få deg å gjere mykje som før var utenkeleg.

Novella var snål, eg forstår meg ikkje på litteratur. Forstår ikkje kva som skjer i slike forteljingar der folk ikkje snakkar saman. Skjøner ikkje vitsen. Eg vil leve sjølv, ikkje lese om andre sine liv
Det er mykje her i denne korte boka: Mykje luft på sidene. Mykje som ikkje vert sagt. Mykje fint. Historia om Susan har mange tankar, nokre som er ønske, nokre som er minne og nokre som beskriv det som har skjedd. “Z for Sorry” er ei spanande bok, men der er og ei slik bok du les for opplevinga. Der er inga rett-fram bok, det er ei snirklete bok, på same måte som livet ikkje er ein bein veg mot mål, men heller ein kronglete sti. Det er ikkje alt Susan har rett i, du får lyst av og til å be henne reise seg og prøve litt meir. Men det er ikkje berre henne, du får og lyst å ta tak i foreldrene, klassekameraten Zlatan som strekkjer grenser, guten som ikkje svarer, alle saman og sei: “Snakk saman! Sei noko!” .
 
Susan kan du ha lese om før i boka “Zweet”. Dersom du lurar på kvifor ho ikkje lenger har venninner i heimbygda står svaret der.
 
Eg fekk boka tilsendt frå Samlaget, ho er på 142 sider. Ho er og tilgjengeleg som ebokeBokBib
 
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar