Søk i denne bloggen

mandag 30. januar 2023

Vulkan av Zakiya Ajmi

Alt er nytt att for Anna. Ny plass å bu, ny skule å gå på og kanskje nye venner. Det er berre ho og mora, men mora slit såpass at det er eigentleg berre Anna. Ho hadde ein far. Han er framleis der ute, og han har rett på samvære annakvar helg. 
«Alle heldt pusten. Til og med dei små. 
Alle tenkte på ein sint mann. Alle hadde ein som ville hente dei heim. Som ville vise dei, som ville knuse dei, som ville forandre seg, som sakna dei, som framleis elska dei, som angra, som ikkje kunne forstå kvifor han ikkje kunne få ein siste sjanse. Berre ein aller siste sjanse. Som skreiv at han ville finne dei, som skreiv at han ville drepe dei, at han elska dei, at han angra, at han skulle få dei til å angre, at han ikkje forstod kva som gjekk føre seg, at han forstod alt saman no, alt han hadde gjort gale, at han var ein tosk, at han ville slutte, at han var annleis no. 
Så opna døra seg.» 

Anna hadde Thomas. 
Anna har no Chili. 

Anna vil ha Idris. 


Men alt Anna har opplevd, og det er ikkje lite, set spor. Ho omgjev seg ikkje alltid med folk som vil henne vel, og det er ikkje alltid ho handlar klokt. Ho har ein sint far, ei vill venninne og ingen veit kva Anna har opplevd før. Det er heftige dette, historia har ein god beat. Nokre gonger berre er ho her og no, er berre bevegelse og kjensle. 

«Det er nesten ein melodi. Mjuke dump, harde slag, gummisolar som tråkkar mot asfalt. Og pusten hans. Små korte, presise støytar. Ville hopp, små steg, utstrekte armar og piruettar i fritt fall. Når han går på hendene på muren. Når han står stille på tåspissane og liknar noko vinden kunne ta med seg. Så skjør. Og så sterk, når han neste sekund saksesparkar seg ned på bakken» 

Andre gonger er det meir, som historia kvifor kjem Anna og mor rett frå krisemottak. 

«Om eg ser han igjen …» sa Thomas. Det knaka i kjeven hans, og dei smale skuldrene hans stivna.  

«Om eg ser han igjen, slår eg han ned.» 

«Bra», sa eg 

«Og kastar han ut av vindauget og stikk ein kniv i dei stygge, små auga hans og vrir han rundt til blodet renn som tårer nedover kinna hans, og tar kniven ut att med auga på tuppen som oliven på ein gaffel.» 

«Hm», sa eg 

Les ei forelsking , les ei forferding, les Anna si historie og håp at ho kjem forbi fyrste kapittel. Du kan oppleve verkeleg vonde ting utan å knekke, men det gjer dei ikkje mindre vonde. Dette er ei dansk storbyhistorie frå røynda, om kjærleik. Kjærleik kan kome i så mange former, og Anna opplever mange av dei formene på få dagar. Spenninga ligg i om det kan gå godt, for det er ikkje alltid det gjer det. Denne boka var nydeleg. Unn deg ho. Denne boka var forferdeleg. Våg deg ho. 

 

Boka er på 156 sider og er nynorsk.  

 

Bjørn Veen 

Gjesdal folkebibliotek 

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar