I «The voice» vert det heile tida snakka om at
den som syng må overtyde lyttaren at dei meiner kvart ord. Det gjeld i høgste
grad skriving, og «Splintra» fortel så altfor godt korleis det er å mista nokon.
Det heile startar lyst, med sommar, sol og snart ferie. Tiande
klasse er slutt og fem vener, the fab five, har ein siste fest på stranda saman med resten av
trinnet. Den kvelden endrar det seg noko mellom Are og Mia. Skal venskapen
deira bli noko meir?
Her er mykje musikk. Mia er en av dem som høyrer tekst først i musikk, så då vert ein del songtekstar, og nokre dikt med. Meldingar, som det fort vert ein del av når så mykje skjer, er trykte som meldingar. Dette gjer at det er ei luftig bok, at det er plass til deg i ho, plass til alle dei store kjenslene. Men i omslaget finn eg verken musikken, sorga, venskap, kjærleik. Det er synd.
Boka er vakker, ho er vondt, her er fjellhøgt og daldjupt. Vanskelege kjensle er godt skrive: Sorga kjem så nær, forelskinga vert så stor, og utforskinga av grensa mellom venskap og kjærleik.
Det er greitt å lika triste bøker. Det er mange gode historier som ender vondt. «Romeo og Juliet». «Stormfulle høyder». «Love Story». «Titanic». «13 reasons why». I sorga er det rom for dei verkeleg store kjenslene.
Boka er på 287 sider. Ho er på nynorsk. Ho finnes som ebok. Det er Samlaget som har gjeve ho ut. Ho er og ei av fem bøker nominert til Uprisen: https://uprisen.no/nominerte-til-uprisen-2023/
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
Ingen kommentarer:
Legg inn en kommentar