Søk i denne bloggen

onsdag 19. april 2023

Kvil i fred av Peter F. Strassegger

Per heitte ein gut. Far hans sat heime og mor låg i grava, då guten gjorde vondt manneverk.  Vanskeleg på aude Jæren vart det for far og son.

Det er mest som teke frå dei norrøne sogene denne historia. Ikkje sjølve handlinga, den er heilt klart frå våre dagar ein eller annan stad på Jæren. Men måten soga vert fortald på, bart og aude som landskapet her i mars, kan minne om korthogde sagastil.

Per har hatt ei hard overgang til ungdomskulen. Han mista mora, faren fungerer ikkje og bestevenen er no ein av de verste mobbarane. Heime sit far. Etter mor gjekk vekk står alt stille der heime. Dei snakkar ikkje, far gjer ingenting. Så Per let alt fare, saman med en ny villbasse av ein kompis har han starta ei tradisjon, fredagssteling. Det byrja med tyggi, no går det i øl. Men når Per vert teken med ein ryggsekk med øl er det som noko lausnar, og snart rasar alt. Det er sterke krefter i eit ras, det kan for gå gale dette.

Her er godt skrevet om den fyrste rusen, det er eit spanande, men vagt, bakteppe med motorsykkelklubbar og historia visar fram alle dei som ikkje snakkar. Store kjensle, men smått med handlingar. Han skriv videre i si stil Strassegger. Temaet fenger, men eg er enda ikkje overtydd om forma gjer det. Men boka er kort, ho har lite skildring og det er aktuelle tema, så eg er spent på kva ungdommen sjølve seie. Men ho kunne hatt godt av noko humor, alvoret til tross. Sjølv de gamle sogene hadde det.
 
Førre bok er i same leie:
https://ungdomsboka.blogspot.com/2020/11/aleksander-den-store-av-peter-f.html
 
Boka er utgjeven av Samlaget, ho er på 128 sider. Du kan og strøyme ho eller lese ho som e-bok på for eksempel Allbok: allbok.no
 
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Ingen kommentarer:

Legg inn en kommentar