Det byrjar fredag 13. desember med eit smell. Smellet av døra som Maria
presser opp hjå Hanna som har jentekveld. Ho baner vegen inn for Domenic og
gjengen, ingen av dei er invitert, men inn skal dei! Maria har skifta ham den
hausten, ho er no ei som dansar på bordet til det knekk, drikk sprit rett frå
flaska og dreg Domenic inn på soverom! Det går over styr, ho blir køyrd heim i
politibil og dagen etter må ei gråtkvelt mor sende Maria til mormora på Tysnes.
Barnevernet er kontakta, det er alvor no.
På Tysnes saknar Maria morfar som gjekk vekk året før, ho kjenner ikkje
mormora, berre at ho er sterkt religiøs. Det tek ikkje lang tid før Maria er
sendt på bedehuset. Der treff ho Johannes, og ho kjenner ho vil ha han. Fyrst
for å få han “over på den mørke og
syndige sida”, men seinare er det kanskje noko meir enn berre lyst?
Tenkepausen på Tysnes får fram mykje i, og rundt, Maria. Kven er ho
blitt? Kven vil ho vere? Og kven vil ho vere med? Den lyse og gilde Johannes
eller den farlige og mørke Domenic. Det vert dramatisk dagar i desember!
Boka er gitt ut av Samlaget saman med Leser søker bok. Ho er på 116
sider med korte setningar og mykje plass. Ho kan og lesas som ebok på Allbok. Den er med i leseaksjonen txt 2020: Drømmer: https://txt.no/bokene-i-txt-2020/
Dette
er ei av dei mange korte, kloke og gode nynorskbøker som kjem ut til ungdom.
Andre titlar er:
-
Engel i
Snøen av Anders Totland: http://ungdomsboka.blogspot.com/2016/05/engel-i-snen-av-andreas-totland.html
-
Smadra
av Brynjulf Jung Tjønn: http://ungdomsboka.blogspot.com/2019/05/smadra-av-brynjulf-jung-tjnn.html
-
Så
vakker du er av Brynjulf Jung Tjønn;: http://ungdomsboka.blogspot.com/2014/08/sa-vakker-du-er-av-brynjulf-jung-tjnn.html
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
SvarSlettg