Søk i denne bloggen

onsdag 6. november 2024

Eg skal rive deg i filler av Therese Garshol Syversen

Ei hemnhistorie i ein Exit-aktig verd, den til den rike og rusa overklassa i Noreg.

Ho byrjar vondt denne boka. Skikkeleg vondt. Eit overgrep har ført til eit ung menneske vel vekk livet. Politiet henlegg saka. Tilbake står ein øydelagt familie. Så kjem ein film av overgrepet …

Men det er ein resurssterk familien som står att, ein familie som har kome dit den er med alle midlar. Så storesyster Iben nektar å la dei to gutane sleppe unna. Ho set livet sitt på vent og går etter dei. Ut ifrå andleta på filmen har ho funne namnet deira og vil dukke opp som «ny» i rikmannsgjengen, godt hjelpe inn av Robin, ein barndomskompis. Ho tenkjer å få den eine av gutane til å falle for henne, slik ho kjem nær nok til å felle alle tre, dei to som valdtok, og ho som filma utan å gripa inn. Så ho innyndar seg, strekk strikken lenger og lenger medan ho ser etter veier til hemn. Men ettersom ho kjem nærare og nærare kjem tvilen, kven er det eigentleg som lurar kven?
Det vert svart, vondt og spanande.

Boka når ikkje heilt i mål, det haltar litt på slutten. Men om du ønsker ei spanande historie, som Succession og Exit, frå verda til dei rike og mektige, ver så god. Ei bok for deg som likar store og sterke kjensle, men med eit kontrollert språk

Nynorsk, 185 sider. Ho kan lånas som papirbok på biblioteket, som e-bok eller strøymast i Bookbites.

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek