Søk i denne bloggen

mandag 30. november 2009

Wergeland - heilt menneske, rastlaus sjel




















Ivo de Figueiredo: Støv
Aschehoug, 2009
"Hva gjør elles en dikter når han ikke dikter og ikke har noen å elske? Han sitter på hybelen og sturer eller går på rangel." (s.21). Det siste gjorde Wergeland til gangs, ofte med fatalt utfall.

Henrik Wergeland utfordra samtida både med livsførselen sin og diktinga si. Støv er også ei bok som utfordrar. Forfattaren spør om Wergeland som diktar er aktuell i dag? Illustratøren viser vakre og groteske fotografi og designaren presenterer ein layout ganske utanom det vanlege.
Prakt, smerte og overrasking. Heilt i Wergeland si ånd med andre ord!
Boka er delt inn i tre deler:
Mennesket, første delen, handlar om det rølpete livet Wergeland førte. Han var flink til å skaffa seg fiendar. Denne vesle biografien fokuserer på korleis han stadig klarer rota ting til for seg sjølv.
Skapelsen, del to, presenterer eit lite utval av dikta hans. Her er ekstatisk lykke ("Den første Omfavnelse"), sorg over tapt liv ("Pigen paa Anatomikammeret"), inderleg undring ("Fra: Min lille Kanin") og heftig opprør ("Mig selv").
Tredje delen, Messias, er eit alfabetisk oppslagsverk over enkelte ord som er markert med raudt tidligare i boka. Desse orda, med forklaring, dannar ei ramme rundt den tida og den verda Wergeland levde i. Her får me ei lita innføring i både sosiale tilhøve og historiske hendingar.
Støv er ei svært spesiell bok. Fotografia som deler inn dei tre kapitla, er trykt på glansa papir. Nokre av bileta er svært provoserande, men estetisk vakre. Sjølve teksten er trykt på simpelt papir og framstår som små pocketbøker innimellom dei glansa arka. Og framsida er pryda med ei Davidstjerne rissa med kniv inn i hud - som visstnok er illustratørens hand! Det heile omkransa med gullspottar som kan minna om stjerner.
Igjen finn me referanser til det smertefulle og det vakre, omkransa av stjernehimmelen som alltid var den Wergeland higa mot.
Personleg tykkjer eg boka fungerer. Ho provoserer og appellerer på same tid. Men vil ho appellera til ungdomar? Det hadde vore gildt å fått tilbakemelding på akkurat det. Og på forfattaren sitt spørsmål.

Skriv gjerne ein kommentar til boka på bloggen her.


Aud Søyland Kristensen,
Time bibliotek

Tidsreiser og mystiske teikn



Steinar Høiback: Gutenbergs hemmelighet
Aschehoug, 2009

Viss du er på leit etter enkel action eller kvardagslege problemstillingar, skal du ikkje lesa denne boka.
Har du derimot sansen for viderverdige historiske koplingar, tolking av mystiske symbol og reiser på tvers av tid og rom, er dette boka for deg. For her vekslar det mellom Jerusalem i år 1111, Mainz 1468 og Akershus slott 2011.

Altså - ein slags mellomting mellom Sofies verden og Da Vinci-koden.

På geburtsdagen sin får Sophus ein spesiell gave: ei bok laga av ingen ringare enn Johann G. Gutenberg i 1445. Det viser seg at Sophus er utvald som utsending på ei svært uvanleg skattejakt. Oppdraget er å finna forklaring på ein myte som går tilbake til Bibliotecha Alexandria i 280 f.Kr. Myten fortel om ein skatt som kan gi svar på den størsta gåta i historia, ei gåte som heile menneskeheita er del i.

Dermed vert Sofhus kasta ut på ei heseblesande reise med stopp ved store hendingar i europeisk kulturhistorie med forgreiningar til både egyptiske faraoar og greske gudar.

Ifølge forlaget rettar boka seg mot gutar. Det må i så fall vera ein gute-type, og alle andre, som elskar å fordjupa seg i "eksotiske" og innfløkte saker og ting. For dei kan boka vera eit funn. Boka krev ein habil lesar, men den som vågar seg ut på ferda, kan koma derifrå med stor kunnskap i vår kulturelle arv. Med andre ord: ei stor, men hektisk danningsreise.


Aud Søyland Kristensen,
Time bibliotek

fredag 27. november 2009

Båtflyktningar, turistar og Kanariøyane

Barsakh av Simon Stranger
Cappelen Damm, 2009


Dette er forteljinga om 15 år gamle Emilie sitt møte med ei verd ho bare så vidt har skumlese om i avisene. Men på ferietur til Kanariøyane saman med familien sin, møter ho ein røyndom fundamentalt ulik sin eigen.

Boka byrjar eigentleg med slutten. Den rolege atmosfæren langs strandpromenaden vert broten av at ei lyshåra jente kjem spurtande hand i hand med ein litt eldre afrikansk gut og med politiet i hælane. Det er Emilie og Samuel. Dei som vert mest sjokkerte over det dei ser, er foreldra hennar. Men historia byrjar lenge før dette.

Me møter Emilie, som slit med sjølvbiletet sitt etter ein kommentar frå ein medelev på skulen om at ho nok hadde ete for mange skuleboller. Då starta Emilie eit knallhardt treningsprogram for å gå ned i vekt, samstundes som ho vert ekstra nøye med kva ho puttar i munnen.

Emilie si historie vekslar med Samuel si. Samuel er rundt 18 år og frå Ghana. Livsvilkåra for dei unge i dette landet er harde og framtida har lite å by på. Men gjennom TV veit dei unge om at der finst ei anna verd med andre muligheiter. Mange risikerer ferda over havet - med livet som innsats.

Det er desse motstridande kulturane som møtest når båten til Samuel kjem drivande mot stranda i ferieparadiset. Den som oppdagar båtflyktningane er Emilie, som - til si eiga forskrekking - set i verk ein redningsmanøver.

Boka er hyperaktuell! Fakta viser at i 2006 kom det meir enn 28.000 afrikanske båtflyktningar til Kanariøyane, mens det til samanlikning var 35.000 nordmenn som feira jul der i fjor (2008). Eit drøymeland altså, for både fattige og rike.

Emilie si sjølvpålagte matvegring vert stilt opp mot Samuel sin hunger etter eit verdig liv. Konstrasten mellom vestleg velstand og afrikansk naud slår mot lesaren og etterlet ei uro me ikkje kan kvitta oss med.

Likevel gir boka ei god lesaroppleving. Kritikk på at forfattaren har forenkla eit alvorlege tema (spisevegring) er ikkje denne meldaren einig i. Emilie er ikkje "sjuk" i den forstand - ennå! Blikket på seg sjølv vert endra frå guten i skulegarden sin kommentar til Samuel sine augo på henne. Dette gjer henne medviten om seg sjølv i ein ny samanheng og "sjølvpininga" slepp taket. Med andre ord, Emilie har fått ny og konstruktiv sjølvinnsikt. Horisonten er utvida frå trongsynet i skulegarden heime til utsynet mot dei afrikanske livsvilkåra som Samuel representerer.

Barsakh er forresten eit ord for ein "mellomtilstand" etter døden i muslimsk tradisjon. Det er også namnet på båten Samuel og dei andre flyktar med. Mange av dei som går om bord i Afrika klarer ikkje overfarten. Dei får ei våt grav i Atlantarhavet.

Aud Søyland Kristensen,
Time bibliotek

tirsdag 24. november 2009

Jeg vil gjerne tro!

Mørkeboka av Sigbjørn Mostue


Hva om nisser og troll fantes? Og du holdt beviset i hånden din?

Det skjer når du plukker opp Mørkeboka, en bok med en stor hemmelighet. Den er en historie fortalt gjennom mange forskjellige dokumenter. Det er utdrag fra en dagbok, opptak av et intervju ved en psykiatrisk institusjon, utskrift av en Chat og brevvekslinger. Etter hvert blir det også nevnt nettsider i notater skrevet i boken, disse eksisterer og kan ses på nettet. Hemmeligheten blir utdypet gjennom disse rapporter, stiler og blogger som ligger på nettet. Så denne historien må du lese med en datamaskin i nærheten.

Om dette hørtes komplisert ut å lese kan jeg berolige deg med at det er det ikke. Det var ganske forfriskende å lese en historie på denne måten. Det gikk litt sakte frem i starten, litt daft, men når ting tok av, vel, da var det ikke snakk om å legge fra seg boken. (Jo, forresten, for å sjekke nettstedene som dukket opp i boken).

Til syvende og sist er jeg nok snittet i øynene og er meg selv nok. Jeg vil tro, men klarer det ikke helt. Uskyldighet først tapt kan aldri fås tilbake. Men liker du tulling med virkeligheten vil du se vår folketro med helt nye øyne etter du er ferdig med denne boken. Og Per Christen Asbjørnsen (best kjent som den ene halvdelen av Asbjørnsen og Moe), han vil du se med nye øyne. For en mann!

Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek

Dette er tredje runde med CappelenDamms magiske og flotte bokbloggturne. I går satte Kristine i gang hele greie på sin blogg Saudasjøen. I morgen er Mammadamen som greier ut om tusser og troll.




Denne boken må ha noen fotnoter:

Det er tydeligvis flere som har hatt kontakt med de underjordiske, fant dette dokumentet på nettet.

Matthijs Holter, spillmakeren for boken, har skrevet rollespillboken Draug, mange bibliotek har denne. Den er meget bra!

De bruker ARG (Augumented Reality Games) som beskrivelse av opplegget på nettet rundt denne boken. Det opplegget blir utmerket forklart i denne boken. Du fikk kanskje med deg Jo Nesbø sin siste bok Panserhjerte sin bruk av dette virkemiddelet? Tidligere har for eksempel Halo2-spillet (I love bees) og gruppen Nine Inch Nails (Year Zero) brukt ARG for å gi en ekstra opplevelse. Jeg savner nok bruken av virkelighet i opplegget til Mostue & Co. Her blir det mest på nettet. Jeg vet som tidligere laiver hvor bra det kan bli når du leker med virkeligheten, med et større budsjett kunne de nok ha gjort mer.

onsdag 4. november 2009

Neste bok i bokbloggturne



Boken det er snakk om er Mørkeboka av Sigbjørn Mostue. Han er kjent for sin triologi Alvetegnet bestående av bøkene Gravbøygen våkner, Nissdreperen og Krakens gap. Mørkeboka viser at det finnes huldre, tusser og troll i virkeligheten! Som forlaget selv skriver: "Les boken, løs gåten - og redd verden!"

Nettsiden til bokbloggturneen

Bjørn Veen, litt facinert.
Gjesdal folkebibliotek

mandag 2. november 2009

Kiki Strike og skyggebyen


Kiki Strike og skyggebyen av Kirsten Miller

New York er ikke bare en travel storby. Under jorden skjuler det seg et nettverk av hemmelige tunneler og skjulte skatter. Skyggebyen var tyvenes, mordernes og piratenes skjulte verden. Den skal nå utforskes for første gang på over hundre år – ikke av vitenskapsmenn eller av ingeniører, men av seks jenter. Men farer truer bak hvert hjørne og når det viser seg at Kiki Strike ikke er til å stole på blir Ananka nødt til å ta ledelsen. Menneskeliv, hemmeligheter og New Yorks sikkerhet står på spill.


Kiki Strike og Skyggebyen er full av spenning, overraskelser og ikke minst mange nyttige tips.

Ikke alle jenter på 12år er like uskyldige.


Se hjemmesiden til boka og sjekk ut Unshelved sin mening om den.


Therese Pedersen 10.klasse Gjesdal Ungdomsskole