Carlo er 16 og er på sommarferie
på “Isla Bonita” med mor sin. Mora er biletkunstnar, faren veit ikkje Carlos
kven er. Men han får snart vite det, mora er ei ærleg sjel etter nokre glas
vin. Carlo får heldigvis tid for seg sjølve, og då dett han over fleire ting.
Ei nydeleg, naken jenta som gjer yoga. Ein naken tyskar som ligg med kikkert
ved nudiststranda. Ei vaksen flott dame som alltid joggar den same ruta. Ein
spansk bar, The Champion, med ein tidligare surfar som eiger. Ein illsint
danske. Isla Bonita har mange løyndommar, det vert fort farleg der for ein fyr
som dett over ting.
“Carlo tek ein selfie med ølflaska
og sender ein snap til eit par gode kompisar heime. Dette vil nok få dei opp av
sofaen. Kva er det streite Carlo driv på med der nede på Kanariøyane? Sit han
og pimpar øl midt på lyse dagen? Kvifor har han eit stort skrubbsår i panna?
Dette kan få dei til å tru at han faktisk er på ein kul sydenferie.”
Ein sommarferie går galt. Men det
er aldri så galt det ikkje er godt for noko. Det er lett å kjenne seg igjen i
Carlos, og handlinga er truverdig til tross for så mykje som skjer her. Dette
er ei god historie for deg som har byrja å kika på jentene og slutta å høyre på
foreldra. Lite daudtid, masse handling. Må du lese ei nynorsk bok i år, så kan
du lese denne, då vert det garantert ikkje den siste boka du les.
Boken er gitt ut av Samlaget. Den
er på 192 sider. Du kan lese den som ebok i eBokBib
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
PS: Tittelen er og ein 80-talsslager. Om eg skal ha sangen svirrande rundt i hovudet kvar gong eg høyrer tittelen skal du det og: https://www.youtube.com/watch?v=zpzdgmqIHOQ