Søk i denne bloggen
mandag 28. september 2009
Olav Sleggja
Skrubbsår på sjela
Bitching. En bok om jenter og mobbing
Av Liv Skotheim og Anna Holm Vågsland
Mobbing. Det skjer de fleste plasser, tiltross for de mange kampanjer mot det. Følelsen av å høre til i en gruppe er en sterk drift i mennesket, sammen er vi sterke, så da å bli støtt ut er tungt og vanskelig.
Jenter mobber annerledes enn gutter, på bakside teksten av boken står det: Og er "et skrubbsår på sjela" mindre skadelig enn et blått øye?
I boka får du historier fra folk som har blitt mobbet, men også folk som har mobbet. En sterk historie var en jente på 23 år som fortalte om at hun med sin mobbing på ungdomsskolen hadde bidratt med til at to jenter fremdeles sliter med opplevelsene fra ungdomsskolen.
Det er også intervju med folk som har forsket på mobbing. Det nevnes mange eksempler på bøker, med små utdrag, og filmer som handler om mobbing I boka blir det også sett på ulike typer mobbing typisk for jenter: Utfrysing, baksnakking og ryktespreding foreksempel.
Denne boka kan gi en liten vekker. Både til deg som blir mobbet, du kan se gjennom spillet, få et verktøy til å komme deg ut av situasjonen. Men også til deg som mobber, kanskje du forstår mer av hva du gjør mot andre mennesker.
Bjørn Veen, Gjesdal folkebibliotek
Lågmælte, men intense forteljingar frå 2.verdskrig
Då tsjekkisk/tyske Gudrun Pausewang den 30.april 1945 høyrde meldinga i radioen om at Hitler var død, gret ho fortvilt. Ho, og mange med henne, hadde aldri lært å tenkja kritisk om Føraren. Tvert om, dei hadde lært å stola på alt han sa: at jødane var ute for å svekkja den nordiske rasen, at det tyske folket var eit spesielt edelt, tappert og sterkt folk, at meininga med livet var å tene fedrelandet og ofra alt for det. Og dei lærte å syngja nasjonale songar med liv og sjel - ja, heilt til "Det tredje riket" gjekk under. Dette skriv forfattaren Pausewang i etterordet til boka. Ho var 17 år då krigen slutta, og opplevde at alt ho hadde trudd på fram til då, fall i grus.
Boka er sett saman av 20 små forteljingar som alle er tilbakeblikk på korleis born og unge opplevde kvardagen under 2.verdskrig. Dei er skrivne som eg-forteljing, i intervjuform eller i tredjeperson. Alle forteljingane er sanne, seier forfattaren, nokre av dei er sjølvopplevde. Ho viser på ein enkel, men tydeleg måte fram naiviteten, den umedvitne lydnaden og lojaliteten. Slik åtvarer ho unge i dag mot å gå i dei same fellene. "Å erkjenne, etter at krigen var slutt, kor skammeleg NS-regimet hadde utnytta og misbrukt den unge idealismen vår, gjorde vondt. Regimet hadde loge og forrådt oss! Nazitida etterlét oss, barna, ein tung arv. Minna frå den tida la skuggar over livet vårt etterpå" skriv ho til slutt i etterordet.
Me får høyra om foreldre som tok ungane sine med seg inn på kjøkkenet til naboane - som nyleg var slept bort fordi dei var jødar - for grådig å eta den ennå varme maten på bordet. Om musikklæraren som trollbatt elevane med kjærleiken sin til Mozart og Beethoven, men som mista både kjærleiksevna og evna til å undervise etter eit "besøk" i Gestapo sitt torturkammer - fordi han var kommunist. Om fjortenåringen som vart rasande på bestefaren som prøvde hindra han frå å gå inn i hæren vintaren 1945, ei mobiliseringsordre og siste krampetrekning frå Hitler. Bestefaren redda livet hans ved å knusa tærne hans "ved eit uhell" - mens han sjølv måtte avgarde, trass i at han innsåg det gjekk mot slutten for Hitlers Tyskland. Bestefaren kom aldri tilbake.
Pausewang har eit mål med boka: ho vil - som sanningsvitne - fortelja, så me ikkje skal gløyma.
Men er det lenger interessant å dvela ved 2.verdskrig? Veit me ikkje nok nå? Viss me svarer ureflektert på desse spørsmåla, så kan kanskje svaret verta ja. Men viss me ser ei parallellisering til vår eiga tid, av konsekvensar av mangel på refleksjon og kritisk tenking, av ideologisk retorikk og motvilje å setja fordomar under lupa, så er dei små og enkle kvardagsforteljingane i denne boka veleigna til å også å få auga på vår eiga samtid.
Boka er retta mot ungdom, men kan godt lesast også av vaksne. Den vesle forteljinga "Denazifiseringsattesten" går f.eks. rett inn i den tunge debatten som nå pågår omkring Kjartan Fløgstad si bok Grense Jakobselv (2009), Tore Rem sin biografi Sin egen herre (2009) om Jens Bjørneboe og feiringa av Hamsun-jubileet, som alle rører ved det vanskelege spørsmålet om grensene mellom det å ha nazisympatiske haldningar eller ikkje.
Eg var der er omsett frå tysk til nynorsk, den einaste omsett til norsk av Pausewang. Boka er skriven i ein nøktern stil som på eit vis forsterkar innhaldet. Det betyr at forfattaren stolar på lesaren, noko omsetjinga tek vare på. Men ei lita påpeiking: NS blir brukt om det tyske nazipartiet. På norsk er NS einstydande med det norske Nasjonal Samling. I denne samanhangen får det gå, sjølv om det gir feil signal. At boka som sjanger er flytande i grenselandet mellom skjønn- og faglitteratur, er ikkje eit problem for denne meldaren. Teksten står godt i seg sjølv.
Aud Søyland Kristensen, Time biblioteklørdag 19. september 2009
Genesis - framtid og dystopi
Neste tanke var at dette er gøy. Eg likar overraskingar, men her blei eg òg utfordra på fordommane mine. I tillegg blei eg stilt framfor moralske dilemma: Kunne eg drepa for å redda eit uskuldig liv? Ville eg opponert mot eit strengt regime med fare for mitt eige liv?
Eg har valt ei forsida til ein engelsk versjon for di ho fortel noko anna om boka enn det den norske gjer. At bøkene har ulike forsider, tyder på at ein kan leggja mykje i teksten. Boka er smart skriven og det beste av alt - ein føler seg skikkelig klok når ein skjønar litt av det som ligg under teksten og mellom linjene. Fleire dager og veker etter eg har lese boka, oppdagar eg artige vriar som gjer handlinga annleis enn når eg las fyrste gongen. Gjennom teksten er det spor som viser mot slutten. Men det diskuterer me når du har fått lese boka. Her kjem eit kort resymmé og utdrag som ein smakebit på det du får oppleva i boka.
Anaximander skal til opptakseksamen på Akademiet. Den nære historia er temaet og ho har valt å fortelja om helten sin, Adam Forde. Ho har brukt tre år saman med rettleiaren sin, Perikles, på å læra alt om han. Dei som står til eksamen blir tatt opp på akademiet. I denne tenkte framtida, er det Akademiet sine tenkarar som styrer landet og berre eit fåtal kan komma inn. Me får lesa om Anax sine tankar og draumar og når ho fortel, får me greie på det som skjedde ein gong. Adam Forde blei ein opprørar og samfunnet straffa han med å la han vera saman med Art(ificial intelligence) - ein prototyperobot med kunstig intelligens. Adam samtalar svært motviljug med Art og Art syg liksom klokskap og menneskeleg tenkeevne ut or han.
"Så hva er det du har som jeg ikke har?" sa Art utfordrende. "Bortsett fra en tendens til å forfalle?"
"Jeg lever," sa Adam. "Noe jeg er sikker på du ville satt pris på hvis du visste hva jeg snakket om." "Definer å leve," sa Art, "før jeg fastslår at du er for dum til å snakkes til." "Nå frister du meg," svarte Adam. "Du klarer det ikke, sant?" [...] "Livet er å lage orden av kaos. Det er evnen til å ta opp energi fra verden utenfor for å skape form. For å vokse. For å formere seg. Dette kan du ikke forstå."
Bokbloggturnéen er Nina i Cappelen Damm sitt påfunn og eg er veldig glad for at eg fekk vera med. I går skreiv Aud her på bloggen. I morgon skriv Kristine Kaizer på http://kristinekaizer.wordpress.com/.
Du kan ta del med kommentarar på bloggane. På facebook kan du bli med på ein konkurranse og vinna ein bokpakke. Har du lyst til meir, til dømes å bli med i neste bokbloggturné, kan du ta kontakt med Nina.
torsdag 17. september 2009
Intelligent sivilisasjonskritikk
Boka vart i går meldt i Cappelens bloggturne av Marianne leser, i morgon kan du lesa Aud Jorunn sin vurdering av boka.
Me er i slutten av det 21.hundreåret, og ungjenta Anaximander står framføre sitt livs eksamen: ei fem timars lang utspørjing om det sjølvvalde emnet: livet til legenden Adam, som levde mellom 2058-2077. Målet med eksamenen er å bli tatt opp i Akademiet.
Handlinga går føre seg i ei verd som er broten saman av krig og sjukdom og kor Staten held innbyggjarane i knallharde taumar med frykta som våpen. Samfunnet er oppdelt i strenge kategoriar menneske med Filosofane som det høgste nivået. Målet er på sikt å utvikla maskinar som kan respondera intellektuelt på menneske.
Gjennom presentasjonen av oppgåva om legenden Adam opplever Anax at ho meir og meir speglar seg i han. Noko som kan vera farleg, for Adam har blitt legendarisk pga at han handla på tvers av Staten sine lover.
Romanen har klare – kanskje litt overtydelege – referanser til den greske filosofen Platons ”Staten” og klassisk filosofi generelt. Å byggja Staten på frykt, rein logikk og organisert orden kan visa seg å føra til det motsette, nemlig kaos. For "det menneskelege aspektet" kan ikkje tøylast i det uendelege.
I analysen av Adam går Anaximander på tvers av det lærarane meiner er rett, ho presenterer oppgåva nettopp ved å analysere kaoset som oppstod rundt Adam mens han levde. Eller som ho uttrykker seg i ”prosedyren” sin: ”Mange lærde har klaget over vår hang til å betrakte historien kun gjennom konflikter, men jeg er ikke sikker på om de har rett. Det er i konfliktsituasjoner våre verdier kommer for en dag. Til tross for Adams gode oppførsel, er det noe som har gnaget ham, og det er bare nå når ubehaget hans tvinger seg fram at vi er i stand til å se det. […] Det er historikerens plikt å ikke skygge unna slike begivenheter, men å se på dem med nye øyne.” (s 79)
For Eksaminatorane er slike tankar farlege.
Men er dette ei ungdomsbok? Tja… det handlar om ungjenta Anax, og sci-fi er ein sjanger som mange unge liker. Men eg meiner boka kan (og bør!) lesast av alle som er opptatt av samfunnsspørsmål. Ved å leggja handlinga fram i tid, får me eit tilbakeblikk på vår eiga tid som kan utløysa nye refleksjonar.
Teksten er avansert med mange vanskelege ord, og som sagt med tydelege referanser til klassisk filosofi. Innhaldet er spennande og gir i tillegg ei glimrande innføring i oppbygging av argumentasjonsrekker i ein dialogsitusajon. Utfordrande og lærerik.
I det heile: ei uhyre velskriven, intelligent og tankevekkjande bok som set krav til ein reflektert lesar - uansett alder.
Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek
Ikke stol på noen over 25!
Dette er kanskje den viktigste boken du leser i år. Dette er din generasjons revolusjon, og denne boken er proppfull av ideer, tanker og fenomen. Livet er en lek for Marcus Yallow 17 år, han laiver, driver på med ARG, han er mer enn vanlig involvert i data. Så går det en bombe av i San Fransisco der han og vennene Vanessa, Darryl og Jalu er på feil sted til feil tid. De blir tatt av sikkerhetsstyrker og avhørt. Alt forandrer seg etter dette.
Er det greit å bli overvåket så lenge du ikke gjør noe galt? Hvor langt ville du latt det gå? Dersom det ble hengt opp kameraer på alle do i Norge for å hindre overdosedødsfall, hadde det vært ok? De fleste gjør jo ingenting galt på do.
Ja, boken er på nynorsk. Ja, den har til tider veldig mye informasjon. Ja, den har mange teknisk uttrykk. MEN den beskriver en kamp som må tas. Kampen om nettet. Kan du være både fri og trygg?
Hvordan ville du reagert om du ble behandlet som terrorist av ditt eget land, torturert av norske militære?
Vil du leve i et land der styresmaktene skaper mer frykt enn terroristene?
Hva skjer når du må ofre din frihet for at de kan si at du er trygg?
Dette er nå, og denne bør leses av alle.
Den engelske utgaven kan lastes ned her i mange forskjellige format. Gratis. Les den på mobilen eller den bærbare maskinen.
Du kan laste ned halve (!) boken i pdf-format på Samlaget sine sider. Les intervju med forfatteren.
Bjørn "politisk" Veen.
Gjesdal folkebibliotek
PS! Om du synes dette var litt fjernt, les Georg Apenes sin kronikk om EU sitt nye lagringsregister som er i ferd med å bli godkjent i Norge.
mandag 14. september 2009
Å gå i andre sine sko
Første par med sko å prøve på er Mik sine. Han og Tony er brødre som sammen bor med sin far, han er alkoholiker. De to står sammen mot resten av samfunnet, men faren deres kan ikke ta vare på dem. Mik bli sendt til tanten, på et lite, øde, knirkende kaldt sted i Sverige. Det blir en kamp mot samfunnet, flukt fra barnevern, flåteferd i fossende stryk. Jeg ble glad i Mik, i hans tante, i de to rare tvillingbrødrene som ikke har snakket sammen på 30 år. Isdragen, en mye klokere og gladere bok enn ventet.
Andre par med sko er Doria sine. Doria er femten og bor i en forstad til Paris. Du får et innblikk i livet hennes som muslim, som innvandrer og som jente. Kanskje forstår du hvorfor det ble opptøyer her i 2005. Kanskje forstår du at egentlig er vi alle ganske like. Etter noen mil i Dorias sko er verden ikke så svart/hvitt? Kiffe kiffe i morgen, kanskje ikke alt er likegyldig?
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek
lørdag 12. september 2009
Våkne!
Vi befinner i slutten av det 21. århundret, en ny verden har blitt satt opp som svar på den gamle verdens feil. Denne boken er Anaximander sin samtale med sensorene i Akademiet, hun står foran sitt livs store øyeblikk, opptakseksamen til Akademiet. Fem timer eksaminasjon om emnet: Livet til legenden Adam Forde, 2058-2077.
God Science Fiction er ikke målt i hvor mange tøffe romskip som er med, men hva den sier om oss, om mennesket. Det gjør denne så veldig, veldig bra er at den får den får deg til å tenke. Den får deg til å våkne. Det er den røde pillen, Alice sitt kaninhull, en Vidunderlig ny verden
CappelenDamm har en bokbloggturne på denne boken. I går skrev Mia Isabella om den, i morgen skal Beate si sin ærlige mening om boken. Om du er på Facebook, sjekk ut diskusjonen om dette er voksen eller ungdomsbok. Du kan også delta i en konkurranse der premien er en bokpakke, send en e-post til CappelenDamm med hva du mener skiller en voksenbok fra en ungdomsbok. (Det skillet der er ofte ikke klart gitt! Jeg er vel av oppfatningen at det finnes to typer bøker: Gode og dårlige.)
Bjørn Veen, Gjesdal folkebibliotek
tirsdag 8. september 2009
Grøss i verdsromet
"Det er over førti år siden NASA sendte mennesker til månen. Og nå vil de gjøre det igjen. For å vekke interesse og sikre seg pengestøtte, lanserer de et historisk lotteri. Tre heldige ungdommer kan vinne en reise til månebasen DARLAH 2, hvor de skal oppholde seg en uke. [...] De tre som til slutt vinner, kommer fra så forskjellige steder som Paris, Tokyo og Stavanger. De heter Antoine, Midori og Mia, og de har kanskje bare én ting til felles: De er ikke spesielt interessert i romfart."
Lesaren blir godt kjent med alle dei tre ungdomane på kvar sine heimestader. Trass ulik kulturbakgrunn, er det lett å identifisera seg med dei tre. Alle strevar med å finna seg sjølv og ser måneferda som ei slags flukt - å koma bort frå ein trasig kvardag.
At NASA har skumle baktankar med prosjektet, går etterkvart opp både for deltakarane og lesaren. Det finst "skjulte" spor i teksten som signaliserer fare, noko eg opplevde som ei stigande uro, før konsekvensane av måneferda vert avslørt mot slutten av boka.
Enkelte meldarar har åtvara mot boka, at ho er for skummel og at "mange" unge vart redde etter å ha lese ho. Men ingen i ei gruppe 9.klassingar me intervjua (alle 9.klassingane i Rogaland fekk boka i gåve i høve Stavanger2008) hadde den opplevinga. "Spennande" var den unisone dommen. Dei skilde altså mellom fakta og fantasi, sjølv om boka er svært realistisk i skildringane. Men mange hadde sterke meininger om slutten - enkelte vart t.o.m. så inspirerte at dei starta skriva ein ny versjon.
For dei som ønskjer eit godt grøss, anbefaler eg boka. Eg tykte ho rett og slett var nyskapande. Og - ikkje gi opp for tidleg - spenninga tar seg opp etterkvart!
Boka er med i årets tXt-aksjon.
Aud Søyland Kristensen, Time bibliotek
Oppdatering. Boka er kåret til tidenes ungdomsroman av ubok.no og Dagbladet. Det er et hederstegn det. http://www.ubok.no/blogg/tidenes-ungdomsroman
mandag 7. september 2009
Dune. Hvordan dataspill førte til lesing
Tidlig nittitall. Ungdomsskolen nærmer seg slutten. Leselysten dabber av. Mer spennende var mopeder, fester og jenter, livet var som en standard norsk ungdomsbok (uten all sexen).
På denne tiden dukket dataspill opp fra ingensteds. Noen hadde en bunke disketter fra noen som kjente noen, og det gjerne måneder før spillene ble tilgjengelige i butikker. Slik dukket både Westwood Studio sitt Dune 2: The building of a dynasty og Cryos Dune opp.
Dune 2, kalt det første RTS-spillet var et strategisk krigsspill satt på ørkenplaneten Dune. Du så ned på spillområdet som fra en satellitt. Det gikk i korte trekk ut på å bygge opp en base og en hær for å utrydde motstanderen på det ene brettet etter det andre. Men borte var det å vente på tur, kjent fra tidligere strategispill, nå skjedde alt samtidig. Denne sjangeren var sammen med FPS den store spillsjangeren på 90-tallet.
Deretter dukket spillet Dune opp. Her ble jeg bedre kjent med historien, stedet og personene i denne verdenen. Mitt alter ego Paul Atreides, hans mentor Thufir Hawat, stolte Stilgar fra de innfødte Fremen og Chani, vakre Chani. Hun forsvinner på et tidspunkt i spillet. Fram til hun ble funnet igjen var det ikke et spill, det var en desperat jakt etter henne. Alt som var lurt å gjøre logisk sett i forhold til å vinne spillet, ble ignorert og ørkenen ble finkjemmet til hun var tilbake.
Filmen Dune av David Lynch ble sett. Den var vakker, rar og storslagen. Og så til slutt, på Sandnes bibliotek, kom jeg fram til kilden, romanen det hele var basert på. En bok med fremdeles aktuelle tema. Økologi, religion, politikk og hva begrensede ressurser gjør med samfunn. Romanen utforsker i mye større grad mennesket enn universet, både gjennom møtet med den arabiskinspirerte kulturen blant de innfødte samt en utforsking av menneskets potensial, fysisk og psykisk.
Denne boken har fulgt meg gjennom livet, og er en av de romanene jeg enda leser jevnlig.
Bjørn Veen, Gjesdal folkebibliotek
(bildet er tatt i Wadi Rum, Jordan av Sindre Ellingsen)