Rar tittel? Ikkje om du likar Beatles
«Eg tenkjer på regn i pappkrus og svarttrastar som syng om nettene.»
Normal. Det er lett. Det er å vere som alle andre. Dersom mange nok gjer ein ting er det normalen. Men i Noreg er og normalen å inkludera dei som er annleis.
Forelsking. Det er lett. Det kan skje kven som
helst på ein augneblink. Men sjølv om dei fleste jenter forelskar seg i gutar, går
det fort an å forelska seg i ei jente.
Å vere forelska. Det er vanskelig. Då er
ingen normale uansett kven som stel hjarta. Og den fyrste store forelskinga, den rommar så store kjensle at dei
ikkje let seg binde.
Martha og Edith har det alt anna enn lett.
Martha ber på arr på innsida og utsida. Edith har eit mørke i seg som av og til
kjem ut som ein eksplosjon. Det er vanskeleg nok å hanskas med alle kjenslene når
det berre er dei to. Bland inn dårlege venninner, sjalu bestevener,
dødsulykker, skilsmisser og stolen hasj frå Bole-Sivert, då vert det
eksplosivt!
«Var det alt du fekk ut av det eg nettopp sa?» seier fortvilt.»For viss det er det du har tenkt å fokusere på, så --.»
«Jøss!» avbryt Oskar. «Slapp av, søs! Eg må då ha lov å vera litt overraska?»
«Men det burde ikkje spele noka rolle!»
Fin bok om bygdeliv, om forelsking mellom to veldig ulike personar, og om at du ber det livet du har levd med deg, alltid. Ho kan verte lesen av deg som er skeiv, deg som kjenner nokon som er skeiv eller deg som ikkje kjenner nokon som er skeiv, enno. Eller eigentleg av alle som er nysgjerrig på kjærleik. Det er ikkje lett (For herrefred så vanskeleg Edith er av og til! Eg vert matt)
Boka er på 262 sider og er gjeven ut av Samlaget. Du kan og lese ho som e-bok
på Allbok, https://allbok.no/. Ho er ei av 13
bøker til haustens tXt-aksjon: Ut av skyggene. Boka er nominert til Uprisen
Bjørn Veen
Gjesdal folkebibliotek